Ulrik Flo skiftar beite

Til Sogndal: Ulrik Flo skal spele for Sogndal denne sesongen. Her er Flo i aksjon for Fredrikstad mot Florø.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Ulrik Flo har bestemt seg for å spele for Sogndal. Sogndal fotball melder at stryningen har skrive under på ein kontrakt ut sesongen 2018.

Flo har trent med Sogndal i sesongoppkøyringa, og no blir det altså spel i kvitt og svart på 29-åringen.

- Ulrik er ein som vil bidra mykje i gruppa, både i kamp, på treningsfeltet og i garderoben. Vi kjenner kvarandre veldig godt, han veit kva vi står for og vi får inn ein flott gut med eit hjarte som bankar for Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben sine heimesider.

Ulrik Flo har også tidlegare spelt for sogndølene. I 2015 gjekk turen til Odd i Skien før han prøvde lukka i danske Silkeborg. Dei to siste sesongane har Flo spelt for Fredrikstad.