62 køyretøy vinka inn til kontroll

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen gjennomførte måndag og tysdag tre tungtransportkontrollar ved Kjøs bru.

Ein førar fekk to gebyr for utslitte dekk, ein førar fekk gebyr for manglande førarkort, ein førar fekk gebyr for manglande vognkort, og ein førar måtte sikre lasta før vidare køyring. Det vart utferdiga ein mangellapp for tekniske manglar. Alle førarar som vart kontrollerte for køyre- og kviletid hadde alt i orden i dei to første kontrollane.

I den siste kontrollen fekk ein lastebileigar gebyr på 2.250 kroner for tre dekk med mønster under lovleg minimum. To sjåførar fekk 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring, ein lastebileigar fekk 8.000 kroner i gebyr for ikkje å ha bombrikke i køyretøyet, to fekk pålegg om å fjerne gjenstandar i ruta før dei fekk køyre vidare, ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletidsreglane, tre sjåførar fekk advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida og to bileigarar fekk skriftleg mangel for knuste frontruter.

62 køyretøy vart kontrollerte til saman.