"Skal vi danse"-Christer:

- Eit like stort eventyr denne gongen

Tidsreisa endar i den store 80-talsfesten....   Foto: Espen Nyttingnes/SOFT

New Articles

Sogn og Fjordane Teater si framsyning "På lokalet" gjekk for fulle seterader i Aldaheim i går kveld. Og det vart ståande applaus, jubelrop og mange framkallingar på ensemblet.

Ein som tykkjer det er ekstra stas å få turnere i ungdomshusa i fylket igjen, er Christer Tornell, særleg kjend for norske TV-sjåarar som dommar i Skal vi danse. Han har tidlegare dansa på dei store scenene, no turnerer han på nytt land og strand rundt i ungdomshus, slik han gjorde med "På lokalet" også i 2016.

- Eg er ein svært glad "svorsk" svenske som gler meg til kvar dag på jobb i lang tid framover! seier Christer Tornell.   Foto: Gunnhild Sindre

- Det å få oppleve disse ungdomshusa, samfunnshusa og grendahusa endå ein gong er og blir eit like stort eventyr og ein like stor fest som i 2016. Eg er utruleg glad for at Sogn og Fjordane Teater ønska å sende "På lokalet" ut på ny turné, seier Christer Tornell til Fjordingen etter framsyninga i Olden.

Han fortel om bakgrunnen for stykket at teatersjef Bodil Kvamme hadde ein draum etter å ha sett filmen "Le Bal."

Heftig dans på ungdomshuset, der framande tonar frå det store utlandet kom og blanda seg med norskdomen i etterkrigstida. Christer Tornell overtydde stort med helsetrøye, støvlar og snuslippe....  Foto: Espen Nyttingnes/SOFT

- Som eg har forstått så ønska ho å finne linken frå denne franske filmen og inn i dei norske ungdomshusa. Og det har ho og regissør Arne Fagerholt klart med denne perla av eit stykke, seier Tornell.

- Takka vere eit heilt fantastisk pubikum og deira historie får vi som dansarar og skodespelarar sjansen igjen til å sjå, oppleve og møte desse husa som har så mykje å fortelje oss. Eg smiler frå øyre til øyre kvar dag og er utruleg stolt, som svensk, over å få jobbe med dette herlege stykket som er ein så stor del av dei menneska vi møter på turnéen.

Ståande applaus og stor jubel for ensemblet i Aldaheim i Olden tysdag kveld.   Foto: Gunnhild Sindre

Tornell seier at med eit ensemble samansett av kollegaene   Idun Losnegård, Anne Guri Tvedt, Erlend Auestad Danielsen, Vilde Viktoria Madsen, Åse Marie Eide Rannestad og Joakim Thrane så visste han at han kom til å få ei "sabla god" tid på turné med "På lokalet" rundt til publikum i ungdomshusa.


- Og så er det deilig å ikkje heilt klare å sjå slutten på turnéen, sidan han strekkjer seg ikkje berre over Sogn og Fjordane, men også skal innom Rogaland og Hordaland, seier Christer Tornell. - Eg er ein svært takknemleg "svorsk" svenske som gler meg til kvar dag på jobb i lang tid framover!


"På lokalet" kjem til Dølheim i Hornindal i dag, onsdag, og avsluttar i indre Nordfjord torsdag med framsyning i Oppstryn Grendahus på Fosnes.