Fourcade sjuk

JTB nummer fire

Fjerdeplass: Johannes Thingnes Bø vart nummer fire i Kontiolahti torsdag.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

New Articles

Martin Fourcade stod over dagens 10 kilomter sprint i finske Kontiolahti, og Johannes Thingnes Bø hadde dermed mulegheita til å ta over leiinga i verdscupen samanlagt. Slik skulle det imidlertid ikkje gå, då stryningen så vidt hamna utanfor pallen på fjerdeplass.

Thingnes Bø opna strålande med feilfri skyting på liggande, men ein rotete serie på ståande resulterte i to strafferundar. God fart i sporet heldt likevel Thingnes Bø inne i kampen om ein plass på pallen, men i mål var han 1,7 sekund bak Quentin Fillon Maillet på tredjeplass. Anton Shipulin frå Russland vann, med latviaren Andrejs Rastorgujevs på andreplass.

Tarjei Bø gjekk ut med startnummer 10, men to bom allereie på den første skytinga førte stryningen nedover på resultatlista. Ein ny bom på ståande gjorde at Bø til slutt hamna på ein beskjeden 28. plass, 1.27 minutt bak Shipulin.

Johannes Thingnes Bø ligg med dagens fjerdeplass 11 poeng bak Fourcade i samanlagtcupen.