Bøarane på kvart sitt mix-lag

Mix-stafett: Tarjei Bø er utteken på det norske mix-stafettlaget i Kontiolahti.  Foto: Svein Halvor Moe (arkiv)

New Articles

Johannes Thingnes Bø og Marte Olsbu utgjer det norske single mix-stafettlaget i Kontiolahti i ettermiddag.

Seinare laurdag går Tarjei Bø, Henrik L'Abee Lund, Synnøve Solemdal og Tiril Eckhoff mix-stafett.

Både Johannes og Tarjei går siste etappen.

Søndag stiller bøarane på 15 kilometer fellesstart.