Får ikkje hoppe i lagkonkurransen

Fannemel kvalifisert til søndagens individuelle renn

Hoppar søndag: Anders Fannemel er kvalifisert til søndagens hopprenn i Holmenkollen.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel vart fredag kveld nummer 18 i kvalifiseringa til søndagens renn i Raw Air i Holmenkollen.

Med seks andre nordmenn framføre seg på resultatlista vart det dessverre ikkje plass til honndølen på laget som skal hoppe lagkonkurransen laurdag ettermiddag. Dermed er også sjansane for ei topplassering i samandraget av Raw Air spolert, i og med at alle hopp tel i konkurransen, inkludert kvalifiseringshopp og hopp i lagkonkurransane.

I dagens lagkonkurranse stiller Norge med same lag som både vann OL-gull og VM-gull tidlegare i sesongen. Det betyr at Daniel Andre Tande, Johann Andre Forfang, Andreas Stjernen og Robert Johansson utgjer det norske laget.