Norgescup skiskyting:

Simon ein bom frå 2. plass

I toppen: Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL) vart nummer fire på sprinten på Voss laurdag.  Foto: Nordfjord Team (arkiv)

New Articles

Simon Hjelmeset Kirkeeide (klasse M18) frå Markane IL gjekk norgescup i skiskyting, sprint laurdag. Det såg rett så lovande ut då Simon skaut fullt hus på liggande skyting. Som vanleg hadde han god fart i langrennssporet, og inn til ståande skyting låg Simon på andreplass, fem sekund bak teten.

Tre bom kosta dessverre for mykje, og stryningen gjekk inn til fjerdeplass, 40,4 sekund bak vinnaren Ånon Flåta frå Gjerstad IL. Hjelmeset Kirkeeide hadde berre 18 sekund opp til tredjeplassen, og berre 21 sekund opp til andremann. 60 skiskyttarar fullførte sprinten.

- Det vart ein bom for mykje med tanke på pallen, og to for mange for seier. Eg hadde ein grov bom og to hårfine bom, seier Hjelmeset Kirkeeide, som no rettar fokuset mot norgescupavslutninga på Lillehammer etter påske.

Vegard Skrede (Hardbagg IL) og Aksel Mathias Meland (Markane IL) gjekk NM normaldistanse laurdag (klasse M19). Skrede gjekk inn til ein flott 10. plass (fem bomskot), medan Meland var hakk i hel på 12. plass, også han med fem bom. Nærare 70 skiskyttarar deltok i klassen.

Sigrid Flo Bødal (Stårheim) følgde opp gårsdagens NM-tittel på normaldistanse med 2. plass på dagens norgescup-sprint.