Tre løparar frå Markane:

Strålande innsats i Ungdomsbirken

Tredjeplass: Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg ein plass på pallen i Ungdomsbirken etter eit fantomløp.  Foto: Privat

New Articles

Ungdomsbirken på ski gjekk av stabelen søndag, og samtlege tre Markaneløparar som deltok viste strålande innsats.

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg ein plass på pallen i klasse jenter 15 år då ho gjekk inn til tredjeplass på distansen over 17 kilometer, klassisk stil. Det var svært jamt mellom dei fire første løparane på fellesstarten, og opp til 1. plassen var det berre sju sekund.

- Eg brukte alle kreftene eg hadde, så eg er kjempefornøgd, seier Maren til Fjordingen. Ho har gått Ungdomsbirken to gonger tidlegare, og i fjor vart ho nummer ti.

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein flott 14. plass i same klasse. Prestasjonane til jentene blir ikkje mindre imponerande når ein tenkjer på at det var heile 154 løparar på startstreken i klassen.

Og imponerte gjorde også i høgste grad Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, som vart nummer 28 blant 202 løparar i klasse jenter 13 år.