Stryn sitt damelag i fotball møtte serieleiar Studentspretten frå Sogndal torsdag kveld. Etter ein jamspelt kamp stod det uavgjort 1-1 ved full tid.

Studentlaget, som er ubeseira i sesonginnleiinga, kom best i gang på Stryn stadion, og allereie etter sju minutt låg ballen i mål bak strynekeeper Anna-Sofie Auflem. Det var også Stryn sitt første baklengsmål i sesongen.

Men etter 36 minutt tok 14-åringen Karoline Flo saka i eigne hender: Frå eigen banehalvdel tråkla ho seg gjennom det som var av motspelarar og sette ballen sikkert i mål. Ein flott prestasjon av Flo som noterte seg for sitt tredje mål for sesongen.

Trenar Halvard Bøe er sjølvsagt fornøgd med å ta poeng mot serieleiaren:

- Vi er fornøgde både med kampgjennomføringa og resultatet. Sjølv om vi har vunne 4-0 i dei to første kampane visste vi ikkje heilt korleis vi låg an i forhold til dei beste i divisjonen. Men Studentspretten er eit godt lag, og vi fekk ei stadfesting på at vi kan spele jamt med dei beste laga.

Kampfakta:

Stryn - Studentspretten 1-1 (1-1)

0-1 Kristin Solås (7. min)

1-1Karoline Flo (36. min)

Dommar: Stein Otto Førde, Breimsbygda

Assistentdommarar: Sureskumar Kathiravel, Eid og Ruben PetersenHeggen, Heia

Gult kort: Olivia Vollsnes Wemby, Stryn

Stryn:Anna-Sofie Engebø Auflem

Hege-Renate Glosvik Espeland

KatrinOppheim

Maria Belinda Bergset

Guro Myklebust

Anna RekdalJohannsdottir

Kaisa Vollsnes Wemby

Karoline Flo

Karoline NordheimOtterdal

Mariell Taraldset

Saeideh Tajik

Innbytarar:

Olivia Vollsnes Wemby

Malene Hopland

Astrid SolheimBjørke

Siv Visnes

Stryn ligg på 2. plass på tabellen med 7 poeng (tre kampar). Studentspretten ligg på  1. plass med 11 poeng (fem kampar).

Karoline Flo står med tre mål på like mange kampar. Foto: Stig Høynes