Trenar Geir Inge Rake tek med seg eit redusert Stryn til bortekampen mot Årdal laurdag.

- Skader og anna fråvær er årsaka til at vi høgst truleg får sjå eit særs ungt lag på bana, seier Rake. Han forventar ein tøff kamp i industribygda, men har likevel trua på at det kan bli poeng.

- Vi har mange spelarar å ta av, men vi er plaga med mange skader samtidig som fleire av spelarane har fått fri grunna konfirmasjonar og andre arrangement.

Kaptein Emil Allesøe er ute i lang tid grunna ein lårskade, og Alexander Gudni Jakobsson har fått ein ankelskade og er ikkje aktuell til møtet med årdølene. Runar Tvinnereim er ute med ein korsbandskade, og Frode Hool Egge blir heller ikkje med grunna jobbsituasjon.

Stryn stiller også utan keeper Jens August Guddal Muri, Jan Åge Langeset, Stian Frøysa, Joar Skrede og Vegard Vatn Øvreberg. Julian Hove er derimot tilbake etter å ha stått over mot Fjøra.

Vegard Sæten Hopland og Eirik Sæten er framleis på sidelinja, men dei er venta å vere tilbake til heimekampen mot Vik 10. mai.