AMK i Førde melde om lag klokka 15.40 om ei fallulukke ved Hoven i Loen.

Luftambulanse, redningshelikopter, legevaktslege og ambulanse kom raskt på staden. Meldinga gjekk ut på at ein person var skada.

Oppdatert:

- Vedkomande, ein mann i 20-åra, tok av frå eit mykje brukt punkt til venstre for toppstasjonen på Hoven. Vitne har forklart at han om lag 10 meter over bakken fekk eit kast slik at skjermen kollapsa. Han skal ha gått i bakken frå om lag fem meters høgde, seier politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor til Fjordingen.

Det er fleire som skal ha sett hendinga, og to personar sprang ned til vedkomande og fekk varsla nødetatar. Mannen skal vere alvorleg skadd med brotskader, men er bevisst.

Han vart henta opp av redningshelikopter og flydd til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Skjermen til speedglideren skal ha kollapsa like etter take off. Dermed gjekk han i bakken på ein avsats nedanfor plassen for takeoff. Foto: Bengt Flaten