17. maiprogrammet tilbake ved omsorgssenteret

17. mai: Det er igjen duka for programinnslag ved omsorgssenteret i Stryn.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Grunna utbygginga av omsorgssenteret i Stryn har programmet etter 17. maitoget på føremiddagen vore ved Tonning skule dei siste åra.

- I år blir det igjen program ved omsorgssenteret, nærare bestemt ved inngangspartiet, seier leiaren i 17. maikomiteen, Even Inge Nesje.

- Dermed blir det enklare for brukarane ved omsorgssenteret å ta del i feiringa, slik dei kunne før, utdjupar Nesje.

Tradisjonen tru blir det velkomsthelsing frå leiaren i 17. maikomiteen, tale for dagen ved 7. klassingane ved Tonning skule, nasjonalsong med meir ved omsorgssenteret.