Alle nødetatar rykte ut i 18.45-tida måndag etter at ein bil hadde køyrt utfor vegen på fv 60 mellom Loen og Stryn.

Bilen har kome utfor vegkanten i Marsåvikja i retning Stryn. Tre personar var i bilen, og desse fekk raskt hjelp av ambulansepersonell.

Det skal vere store materielle skader på bilen.

Oppdatert:

Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor seier til Fjordingen at personane som var i bilen er uskadde, og at dei vart undersøkt av ambulansepersonell som kom til staden. Farten skal ha vore låg då ulukka inntraff.

Klokka 20.05 var politiet i ferd med å opne vegen att.