Gamle Strynefjellsveg får ny asfalt før sommartrafikken set inn.

- Det er fint her oppe no! seier Elias Sandbakk, ein av dei som er i arbeid med asfaltlegginga.

På strynesida vil Statens vegvesen leggje fem kilometer ny asfalt i dagane før opning av sommarskisenteret.

– Vi skal leggje ca fem kilometer ny asfalt frå rv 15, forbi Videseter og austover. Då kjem vi opp til dei såkalla småsvingane. Her er det ikkje lagt asfalt på veldig mange år. No får vi sjansen til å asfaltere før det vert sett på trafikk, noko som er gunstig for alle partar. Asfalteringsarbeidet starta 22. mai. Vert vi ikkje ferdige innan fredag, vil resten bli utført på nattestid, slik at vi ikkje hindrar trafikken til sommarskisenteret. I tillegg til å asfaltere vert det og utført noko grøftearbeid, opplyste byggjeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim, til Fjordingen tidlegare i mai.

- Det er fint her oppe no! forsikrar Elias Sandbakk og dei andre som er i arbeid med asfaltlegging på Gamle Strynefjellsveg. Foto: Elias Sandbakk

- Avtalefesta opningsdato for vegen opp til Tystigen er 1. juni, men då vi fekk forespørsel om tidlegare opning og såg snøforholda, vart vi samde om laurdag 26. mai, seier Solheim. Stryn Sommarski

opnar same dag.

Opningsdato for gjennomgangstrafikk på Gamle Strynefjellsveg er i utgangspunktet 15. juni.