SUNNMØRSPOSTEN: Tilbodet frå Qumei kjem etter at partane har hatt kontakt og dialog i meir enn eit år, skriv Ekornes i meldinga.

Aksjonærar som representerer 25,65 prosent av Ekornes’ aksjekapital har akseptert tilbodet. Blant desse er Stian Ekornes og andre medlemmer av Ekornesfamilien, samt Nils Gunnar Hjellegjerde. Også dagens største eigar, Nordstjernan Ab, har akseptert tilbodet, som verdset møbelselskapet til 5,1 milliardar kroner.

– Etter meldingen om at styret anbefaler salg av Ekornes til et kinesisk selskap stiger aksjekursen 16,58 prosent til 137,8 kroner aksjen, skriver E24 onsdag formiddag.

Kinesiske Qumei Home Furnishings Group har tilbudt 139 kroner per aksje for selskapet og med det verdsatt Ekornes til 5,1 milliarder kroner.

Eit krav frå det kinesiske selskapet er at dei får kjøpe minst 55,57 prosent av aksjane.

Vil vidareføre

Ved ei eventuell overtaking skal Ekornes halde fram med hovudkontor i Sykkylven, heiter det i pressemeldinga.

Den kinesiske møbelmarknaden er i sterk vekst. Eit sal vil opne den kinesiske marknaden for Ekornes, meiner konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes. Han peikar vidare på at Qumeis digitale innsikt vil styrke Ekornes’ eige arbeid på dette feltet og gjere selskapet til ein betre samarbeidspartnar for distributørar og butikkar også i andre marknader.

– Vi meiner dette vil resultere i auka sal av våre produkt. I neste omgang vil det bety auka produksjon ved våre fabrikkar i Norge og utanlands, og ei positiv utvikling for Ekornes og bedrifta sine tilsette, seier Holst-Dyrnes i pressemeldinga.

Ekornes-kulturen

Qumei har 850 utsalgsstader i Kina, og planlegg å opne ytterlegare 500 butikkar og 1.500-2.000 «shop-in-shops» dei neste fem åra, ifølgje Ekornes. Grunnleggjar og styreleiar i Qumei, Ruihai Zhao, seier han har følgd Ekornes med stor interesse i mange år, og at denne bodprosessen er første steg i Qumei sin strategi for internasjonal vekst.

– Vi legg stor vekt på å vidareføre Ekornes sin kultur og samarbeidet med dei tilsette, og vi har ikkje tru på å flytte produksjon av internasjonale merkevarer til Kina, seier Zhao.

– Vi ønskjer å bidra til å utvikle Ekornes vidare gjennom å dele vår kunnskap og kompetanse innan digital marknadsføring og forbrukarinnsikt, seier Zhao vidare.

Han opplyser at dei allereie har diskutert ytterlegare investeringar i forsking og utvikling, blant anna ved det eksisterande senteret i Sykkylven.

Det er forventa at Nora Förisdal Larssen og Stian Ekornes vil halde fram som styremedlemmer, heiter det i pressemeldinga.

Denne saka vart opprinneleg publisert av Sunnmørsposten på Smp.no