Litt etter klokka 14 kom ein politipatrulje over ein trafikkulukke på Langesethøgda. Alle naudetatar rykte ut til ulukkesstaden.

To personbilar og ein motorsykkel var involvert i ulukka.

- Ved den austre innkøyringa til bensinstasjonen sto ein motorsykkel og blinka seg inn til venstre. Bak denne sto der ein bil, og bak denne ein motorsykkel igjen. Så kom det ein bil nummer to og køyrde inn i denne motorsykkelen, som dermed køyrde inn i bilen framfor, fortel Nils Bakke frå politiet til Fjordingen.

Føraren av motorsykkelen er frakta i abulanse til Førde.

- Skadeomfanget er førebels uvisst. Ingen av bilførarane er skadde, seier Bakke. Det vart skade på alle dei tre involverte køyretøya.

Motorsykkelføraren skal ha vore vaken og medviten då politiet kom til staden. Det er teke beslag i førarkortet til føraren av bilen som køyrde inn i motorsykkelen.