- Strålande resultat

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

50 køyretøy vart kontrollerte då Statens vegvesen heldt kontroll i Innvik tysdag.

- Alle brukte bilbelte. Strålande resultat, seier Ove Magne Garlid frå Statens vegvesen.

Det vart skrive ut èin mangellapp på grunn av dårlege dekk.

Statens vegvesen hadde også kontroll på kontrollplassen ved Kjøs bru.

Her var ein varebil overlasta med 200 kg og måtte laste av før han fekk køyre vidare. To bussar mangla bombrikke, noko eigarane fekk gebyr på 8.000 kr for.

Ein  sjåfør vart meld for brot på køyre og kviletida. Sjåføren hadde ei døgnkvil på 5 timar og 44 minutt, opplyser Svein Arne Henjesand frå Statens vegvesen.