Samrøystes om kulturskulen

Rådmannen sin tilråding rundt desentraliseringa av kulturskulen vert samrøysta vedteke i formannskapet.

  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Hausten 2013 blei det kutta i budsjettet til kulturskulen, noko som førte til at ein mista køyregodtgjersla på desentralisert undervisning. Sidan den gongen har det desentraliserte tilbodet vore avhengig av kvar lærarane har budd, og at midlar som har vore avsett til andre føremål har blitt nytta til køyregodtgjersle.