Ungdomsbirken

Ho vart klassevinnar

klassevinnar Emilie Flo Stavik (midten) vant jente 15-klassa under Ungdomsbirken i Lillehammer laurdag   Foto: Privat

New Articles

Det var 65 deltakarar i klasse jente 15 år under Ungdomsbirken i Lillehammer laurdag. Det fire kilometer lange løpet gjorde Markane IL-løparen unna på 14.32.3 minutt. Emilie hadde ikkje forventa siger, så ho er veldig nøgd med løpet.
Ho sprang i mål 12 sekund føre andreplassen.

- Eg visste eg var i god form, men ikkje så god form. Vi opna hardt, men så sprang eg i frå etter ca ein kilometer. Det heldt heldigvis heilt inn, sjølv med stive bein, seier Emilie på telefon frå Lillehammer.

Klubbveninna Maren Hjelmeset Kirkeeide sprang inn på ein 24 plass.