Kantslått stoppa på grunn av brannfare

Kantslåtten langs vegane er midlertidig stoppa på grunn av høg brannfare. Dette kan medføre at det enkelte stader vert så høg vegetasjon at det verkar sikthindrande, seier Tone Anette Espe, leiar i Vegseksjon Fjordane.   Foto: Statens vegvesen (illustrasjonsfoto)

New Articles

Kantslått langs vegane i heile Sogn og Fjordane er stoppa grunna brannfare, opplyser Statens vegvesen.

- Det ekstremt tørre vêret har ført til at vi har stoppa all kantslått med tyngre utstyr i fylket. Brannfaren er stor etter langvarig tørke, og vi vil ikkje ta noko risiko i høve dette. Når vegetasjon i vegkantane vert klipt, kan det oppstå gnistar når reiskapen treff steinar, dette kan vere nok til å starte ein brann, seier leiar Tone Anette Espe i Vegseksjon Fjordane i ei pressemeldnig.

Grunna den manglande kantslåtten vil vegetasjonen i vegkanten bli høgre enn normalt, noko som vil kunne hindre fri sikt.

- Det er viktig at trafikantane då tek ekstra omsyn og tilpassar farta etter tilhøva, understrekar Espe.

Nokre stader der sikta er kritisk, i kryss og liknande, kan entreprenørane bli kalt ut med lettare utstyr for å rydde på mindre område.

- Rydding av vegkantane vil starte opp att når tilhøva og vêret tillet det. Vi føl med på vêret og vurderer situasjonen fortløpande, seier Espe i Statens vegvesen.