Han er Høgre sin ordførarkandidat i Nye Volda

Lokallagsleiarane og ordførarkandidat Stig Olav Lødemel med Kviven i bakgrunnen. Frå venstre Thore Heggen, Hornindal Høgre, Stig Olav, Audun Høidal, Volda Høgre.   Foto: Nominasjonsnemnda

New Articles

Noverande Hornindals-ordførar Stig Olav Lødemel er no formelt  Høgre sin ordførarkandidat ved kommuevalet i Nye Volda kommune i september 2019. Dette vedtok Hornindal Høgre og Volda Høgre på felles nominasjonsmøte onsdag. Vedtaket var samrøystes, opplyser leiar i nominasjonsnemnda, Bjørn Lødemel.

Stig Olav Lødemel er leiar for fellesnemnda for Nye Volda kommune. Han har vore fast medlem i kommunestyret i Hornindal dei siste 11 åra, og har også site som leiar i Hornindal Utviklingslag i 8 år.

Nominasjonsnemnda  skal no ta føre seg resten av lista, og endeleg nominasjonsmøte er i november.

- Vi har ei klar målsetting om å få på plass ei Høgreliste med spennande, konstruktive og offensive personar frå Volda og Hornindal, seier leiar i nominasjonsnemnda, Bjørn Lødemel.