Stryn T&IL har med tre deltakarar på Tyrvingleikane i friidrett i Bærum denne helga. Innsatsen er upåklageleg.

Johannes Konstali-Lødemel gjekk heilt til topps på 600 meter i klassen for gutar 13 år.

7. klassingen sprang i tredje og siste heat og kom i mål på tida 1.32,87. Det viste seg å halde til siger, og han var over sekundet betre enn nummer to. Totalt 30 deltakarar stilte på distansen. Tida er også berre litt over halvsekundet bak stemnerekorden sett tilbake i 2005.

Den allsidige stryningen vart også nummer 3 på 60 meter med tida 7,91 sekund, noko som er personleg rekord. Jølstringen jakob Slåtten vart nummer 2 med tida 7,77 sekund, eitt hundredel frå siger. I lengde vart det 4.plass med 5,23 meter på Konstali-Lødemel, fattige fem centimeter bak tredjeplassen.

Jon Kristoffer Kveen Øvre-Flo deltek i same klasse, og også han sette ny personleg rekord i lengde med 4,28 meter, noko som heldt til ein 17. plass. På 60 meter vart han nummer 5 i sitt heat med  tida 9,05 sekund. Nesten 50 deltok på 60 meteren.

Joanna Kveen Øvre-Flo (klasse jenter 15 år) sprang 200 meter laurdag ettermiddag. 9. klassingen fekk tida 27,19 sekund, også ho kunne notere seg for ny personleg rekord.

Tyrvingleikane samlar fleire hundre deltakarar og held fram søndag.