Vinteren var kald, våren og forsommaren var tørr. Dette har ført til skade og reduserte avlingar.

- Den kalde vinteren har ein del stadar gjeve vinterskade på bringebær. Tørka har ført til redusert avling på førsteslåtten en del stadar, opplyser Fylkesmannen.

Jordbruksføretak kan få erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. For å kunne søke erstatning må skadane dokumenterast.

Vilkår for rett til erstatning for avlingssvikt

•Søknaden må vere sendt (elektronisk) innan søknadsfristen (som du finn hos Fylkesmannen)

•Avlinga må vere under 70 prosent av gjennomsnittet dei siste fem åra. For grovfôr til eigne husdyr må avlinga vere under 70 prosent av normavling i føretaket pr. dekar

•Det vert ikkje gjeve erstatning for dårleg kvalitet på grovfôr

•Klimaforhold som er årsak til avlingssvikten må vere godt dokumentert

•Gje melding til kommunen straks du vert klar over skade som skuldast klima

•Oppmåling av grovfôravling skal gjerast saman med kommunen eller fagmiljø som, etter avtale med kommunen, kan gjere det

•Føretaket har plikt til å avgrense og førebygge avlingstap, ved mellom anna å hauste avlinga

(Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)