Politiet melde like før klokka 06.30 søndag morgon om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen på fv60 mellom Loen og Olden. Politiet var på staden og sikra blodprøve av bileigar som vart påtruffen i nærleiken av ulukkesstaden. På Twitter melder politiet om store materielle skadar, men det vert ikkje meldt om personskade. Det er mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.