Merete Furuberg tek ikkje attval i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Furuberg har gitt valkomitéen beskjed om at ho ikkje ønskjer attval som leiar. Det går fram i ei pressemelding frå laget.

- Ein leiar skalikkje sitte for lenge. Eg har vore leiar i Norsk Bonde- ogSmåbrukarlag i heile 8 år, seier Merete Furuberg.

- Eg har eit halvt år att som leiar, ogskal ha full innsats heilt inn til etappen er over. Spurten minvarer heilt til eg overleverer stafettpinnen til den som skal haneste etappe som leiar i ei av landets viktigaste organisasjonar,seier Furuberg.

Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag skal gjennomførast 8. – 11.november.