Filmen "Bjarne vil ikke på film" er nominert til norsk filmibransje sin gjævaste pris, Amanda-prisen, i klassen Beste dokumentarfilm.

Filmen Weronika Nitsch har laga om naboen Bjarne Sunde har blitt svært godt motteken lokalt, og har no også byrja å vekke merksemd elles i landet.

Filmen har fått fleire prisar allereie. No kan det altså bli ein Amanda-statuett.

Filmskapar Weronika Nitsch seier det er ei enorm ære å vere blant dei nominerte:

- Alle vi som jobba med filmen er utruleg glade for Amanda-nominasjonen, seier ho til Fjordingen.

- Vi visste at vi var med blant dei dokumentarfilmane som vart short-lista (nominerte kanidatar) til Amanda etter at vi hadde vunne prisen for beste mellomlange dokumentar under  Nordic/Docs i Fredrikstad. Men vi torde ikkje å drøyme om nominasjon.

Dette er dei nominerte til prisen Beste dokumentarfilm:

Per Fugelli: Siste resept – regi Erik Poppe, produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae for ParadoxRøverdatter – regi Sofia Haugan, produsent Carsten Aanonsen for Indie FilmBjarne vil ikke på film – regi og produsent Weronica Nitsch

Nitsch seier det er ei enorm ære å bli nominert til prisen for beste dokumentaren saman med Erik Poppe og Sofia Haugan.

- Eg har sett begge filmane, «Per Fugelli: Siste resept» og «Røverdatter», og dei er utruleg fine og rørande begge to, seier ho.

- Kva kan Amanda-nominasjonen bety som døropnar?

- Eg vil ikkje tenkje for mykje på om nominasjon kan opne dører for filmen i Norge eller i utlandet. Vi håpar alle inderleg at det går fint vidare med filmen vår. Alle som var med og laga filmen laga han med stor kjærleik, så vi håpar alle på ei varm mottaking.

Her kan du lese om dei nominerte til årets Amanda-prisar.

Amandaprisutdelinga er ein del av Den norske filmfestivalen i Haugesund som finn stad 18.–24. august.