Frå Rogaland til Sunnmøre har det vore mykje lakselus på både laks og sjøaure i vår. Truleg har begge artane vorte negativt påverka. Dette kjem fram i den første rapporten frå den årlege overvakiga av lakselus langs kysten, opplyser Beate Hoddevik frå Havforskningsinstituttet i ei pressemelding.  Lenger nord var det generelt lite lus på vill laksefisk.

– Vi har gjennomført fem veker med feltarbeid til no. Arbeidet er vellukka, vi har generelt gode fangstar og har dermed godt materiale å bruke i rådgjevinga, seier Rune Nilsen, prosjektleiar for overvaking av lakselus på vill laksefisk ved Havforskningsinstituttet.

•    Les rapporten her

Sjekkar laksesmolten

I Sør-Norge startar overvakinga av lakselus om våren. Då er det utvandrande laks, såkalt postsmolt, som har hovudfokus.

– Målet er å treffe tidspunktet når smolten vandrar ut frå elvane på veg mot havet der dei oppheld seg fram til dei skal gyte, seier Nilsen.

I tillegg til å treffe laksesmolten, undersøkjer forskarane òg smittepresset som sjøaure vert utsett for når han vandrar ut frå elva for første gong.

Overvakinga held òg fram etter at både laks og sjøaure har vandra ut frå elvane. Då er det smittepresset på sjøaure generelt og sjørøye som skal undersøkjast.

– I motsetnad til laksen, oppheld sjøaure og sjørøye seg i fjordane og langs kysten i sommarhalvåret. Det gjer han utsett for lakselus i heile denne perioden, difor er det viktig å følgje med på kor mye lakselus desse to artene har, seier Nilsen.

Både sjøaure og sjørøye har høve til å gå opp i elvene for å avluse seg dersom han får mykje lus, men det har òg ulemper.

Fisken er på beitevandring i sjøen, og dersom han trekkjer opp i elvane får dei dårlegare tilgjenge til mat. Dermed vert veksten påverka, noko som i neste omgang kan påverka reproduksjon.

Sidan smoltutvandringa skjer seinare på sommaren i Nord-Norge, startar òg overvakinga i dette området seinare.

Her kan du les meir om feltarbeid for å overvake lakselus og om alle metodane som vert brukte.

Nasjonalt overvåkingsprogram

Den nasjonale overvakinga av lakselus vert gjort på oppdrag for Mattilsynet. Arbeidet er leia av Havforskingsinstituttet og vert utført i samarbeid med NINA og UNI Research-Miljø.