Fylkesmannen i Sogn og Fjordane opplyser i ei pressemelding at dei har behandla ei klage frå ein person som har vore utsett for trugsmål og vald frå ein pasient i psykisk helsevern. Fylkesmannen har konkludert med at Helse Førde ikkje ga pasienten forsvarleg behandling.

Klagaren vart oppsøkt på arbeidsplassen sin to gongar. Ein av situasjonane var dramatisk for alle på arbeidsplassen, og det var reell fare for alvorleg skade på innklagaren. Pasienten var kjent av Helse Førde frå behandling gjennom fleire år.

-Vi har gått gjennom behandlingstilbodet til pasienten. Ei rad einskildfaktorar gav indikasjonar på at denne pasienten kunne bli valdeleg mot definerte personar. Vi meiner desse faktorane ikkje vart sett saman på ein systematisk måte. Vi meiner slik vurdering kunne redusert risikoen for det som skjedde, opplyser fylkeslege Per Steinar Steinsland i meldinga.

Helse Førde har i etterkant av hendinga gjort ein analyse og sett i gang tiltak for å sikre valdsrisikovurdering i tilsvarande saker. Fylkeslegen opplyser at fylkesmannen vil følgje Helse Førde si evaluering av dette arbeidet.