I dag reiste 24 ungdommar frå Sogn og Fjordane tilUKM-festivalen i Trondheim. UKM-festivalen går over tre dagar medarrangement frå tidleg morgon til sein kveld, opplyser Runar Bjørkvik Mæland, rådgjevar i fylkesrådmannen sin stab, i ei pressemelding.

I tillegg til å deltapå sceneframsyningar og kunstutstilling skal ungdommane vere med påworkshops, føredrag og ulike sosiale aktivitetar. Hovudarena forfestivalen er Olavshallen, der det skal vere sceneframsyningar ogkunstutstilling. UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk,dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane også med einkonferansier som skal leie eit av framsyningane i Olavshallen, ogein arrangør som skal ha oppgåver knytt til sjølve gjennomføringaav festivalen. Tre deltakarar, to av dei frå Hornindal og Stryn, skal vere i UKM Media og ha oppgåverknytt til fleirekameraproduksjonen frå framsyningane i Olavshallenog foto frå festivalen. Alle framsyningane blir sendt direkte påwww.ukm.no.

Det vert ikkje berre lagt vekt på framsyningar, utstillingar, workshops og kurs. Det vert også lagt mykje vekt på det sosiale aspektet ved UKM-festivalen. Tanken er at deltakarane, som kjem frå heile landet, skal få godt høve til å bli kjende. Det blir opningshow, korslag,kveldsbading i Pirbadet og stort avslutningsshow berre fordeltakarane. Deltakarane frå Sogn og Fjordane kjem frå kommunaneFjaler, Sogndal, Luster, Eid, Årdal, Bremanger, Høyanger, Hornindalog Stryn og vart alle plukka til å delta i samband medUKM-festivalen Sogn og Fjordane som vart arrangert i Høyangertidlegare i år.

Kunst: Sonja Holmøy-Wang reiser til Trondheim for å delta på UKM-festivalen. Foto: Inge Fænn

Frå Hornindal og Stryn reiser Sonja Holmøy-Wang, 18, (Hornindal) - Utstilling,  Anders Flore,19, (Stryn) - Utstilling,  Kristian Rustøen, 18, (Stryn) -  UKM Media og Youri van der Werve, 19, (Hornindal) UKM Media.