Stor handverksmesse på Sjøkanten 4H-kafe

Ønskjer velkomen: Fjellrosa 4H har opna kafedørene.  Foto: Privat

New Articles

- Vi kjem til å få inn handverksprodukt frå mange ulike produsentar, seier leiar i styret for kafeen, Marie Alme i ei pressemelding frå Sjøkanten kafe. Nokre produkt er heilt lokale frå bygda, medan andre kjem frå andre stader i Nordfjord og frå Sunnmøre.

- Vi har til dømes flotte produkt i tre, keramikk, måleri, strikkaprodukt, lappeteknikk og skinnfellar frå sauer som har vore på beite i fjella her,fortel ho. Kafeen og handverksmessa i Randabygda er etter kvart blitt fast tradisjon kvar sommar. Ungdomar mellom ti og atten år frå Fjellrosa 4H arbeider ved kafeen, og skaper på den måten sin eigen arbeidsplass.

Nyttig erfaring

Nokre av ungdomane er nettopp blitt med i 4H og såleis nye i jobben. Andre er meir røynde og har vore med i fleire år.

–Det er kjekt, og det er også veldig nyttig erfaring å ta med seg vidare når vi ynskjer å søkje andre sommarjobbar, fortel ungdomane i styret for kafeen. Dei har også med seg vaksne som stiller opp og hjelper til dei vekene i juli kafeen er open.

Kjem langvegsfrå

Gjestene ved kafeen kjem både frå fjern og nær. Mange kjem langvegsfrå for å gå under den kjendeTvinnefossen, eller køyre ein tur langs Panoramavegen.

- Det er både ein del utlendingar og andre turistar og eit samlingspunkt for bygdefolket, fortel Alme. Ungdomane håpar at mange finn vegen til bygda for å handle kvalitetsprodukt frå handverksmessa eller ta ein kaffi med noko attåt i kafeen.

-Vi gjer vårt beste for at alle skal kjenne seg velkomne, avsluttar kafegjengen smilande.