Førsteinntaket er klart:

Dei fleste får førstevalet på vidaregaånde

88 prosent av søkjarane med ungdomsrett kjem inn på førstevalet sitt. Illustrasjonsfoto: Oskar Anderssen/Sogn og Fjordane fylkeskommune 

New Articles

Førsteinntaket til dei vidaregåande skulane er klart, og i år får nærare ni av ti her i fylket med ungdomsrett plass på førstevalet sitt.

3.498 søkjarar til vidaregåande opplæring får tilbod om plass på det programområdet dei hadde som førsteval. Dette er 88 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby fleirtalet av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Totalt er det 4339 søkjarar til skuleplassar i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Av desse har 4038 ungdomsrett.

Etter første inntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 13.august. Det er om lag 300 ledige skuleplassar i fylket. 

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 13. august. 

Vidare tidsplan

  • 3. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak
  • 12. juli, svarfrist første inntak
  • 27. juli, melding om andre inntak
  • 3. august, svarfrist andre inntak
  • 13. august, skulane tek over inntaket
  • 20. august, skulestart