Askild Vatnbakk frå Bøler IF kryssa mållinja først i Honndalshallen etter 75 knallharde kilometer Hornindal Rundt. Med  tida 9.52,16 var han 7.45minutt føre nummer to, Jonas Hesthaug frå Eidsdal IL. Lasse Finstad frå Bardu vart nummer tre, 23.38 minutt bak vinnaren.

- I andre halvdel av løpet hadde eg nokre skikkelege down-periodar, men eg takla det bra, seier vinnaren, som ikkje var sikker på siger før siste 20 minutta av løpet. Han rosa elles arrangøren for førsteklasses merking av løypa.

- Dette er nok det tøffaste fjelløpet eg har vore med på, sa Vatnbakk til Magne Maurset som intervjua han etter målgang.

Anders Vonheim (Markane IL) imponerte stort og sprang inn til ein flott 9. plass. Med det vart han også beste lokale løpar.

- Det var tungt siste halvdel av løpet, men heldigvis rekk eg kvartfinalen i VM, sa Vonheim nokre minutt etter målgang.

- Eg bestemte meg i vår for å trene litt ekstra med tanke på dette løpet, sa Vonheim til Fjordingen.

Meir om ultraløpet Hornindal Rundt i papiravisa.

Askild Vatnbakk var fornøgd etter det knallharde løpet. Foto: Thomas Thaule
Anders Vonheim (Markane IL) imponerte og vart beste lokale løpar i Hornindal Rundt 2018, 75 km. Foto: Thomas Thaule