2018-utgåva av ultraløpet Hornindal Rundt er godt i gang. Startskotet for både fullversjonen på 75 km og for 38 km gjekk laurdag morgon.

I alt 370 deltakarar frå til saman 18 nasjonar er no ute i løypa.

Målgang for løpet på 38 km er ved Horndøla bru, og ifølgje arrangøren er det store mulegheiter for at rekorden til Andre Haugsbø (Gaular IL) frå i fjor på 4.22,49 står for fall. To honndøler jaktar rekorden, nemleg brødrene Kristoffer og Rasmus Haugen. Rasmus vart nummer to i fjor, under minuttet bak Haugsbø.

Dei første løparane på 38 km er venta i mål like over kl. 12. Skal det bli rekord så er 12.22.49 det magiske klokkeslettet.

For fullversjonen er dei første løparane venta i mål ved Honndalshallen rundt kl. 18. I fjor vann Eivind Klokkhaug (NTNUI) fullversjonen på litt over ti timar.

Oppdatert kl. 9.30:

Ved passering Kirkhornsætra ligg Rasmus Haugen frå Hornindal i tet i lag med Lars Åkernes Rimereit frå Eidsdal IL, om lag minuttet føre Andreas Skylstad frå Nordangdal IL. Roger Lillestøl (Hornindal) ligg på 5. plass, medan Kristoffer Haugen (Hornindal) er nummer sju, Reiner Aaland (Hornindal) nummer ni og Håvard Kroken (Hornindal) nummer ti, 6.13 min bak teten.

Oppdatert kl.10.30:

Ved passering Botnagavlen har Lars Åkernes Rimereit (Eidsdal IL) fått ei luke på 3.45 min ned til nestemann, Andreas Skylstad (Nordangdal IL) og Bjørn Ole Vassbotn (Volda). Rasmus Haugen ligg no på 4. plass, 4.50 min bak Rimereit. Kristoffer Haugen ligg på 5. plass, om lag 1.45 min bak broren Rasmus. Reiner Aaland held 6. plassen, med Roger Lillestøl hakk i hel, 7.25 bak teten. Alle desse deltek i løpet over 38 km.

Oppdatert kl. 11.15

Det går mot ein særs spennande innspurt på 38-kilometeren. Lars Åkernes Rimereit (Eidsdal IL) har auka forspranget sitt til 5.26 minutt ved passering Holskarsætra. Rasmus Haugen har derimot avansert i feltet, og ligg på 2. plass. Men det er kamp om pallplassane. 10 sekund bak Rasmus jaktar Andreas Skylstad (Nordangdal IL) og Kristoffer Haugen. Ned til femtemann Bjørn Ole Vassbotn (Volda) er det to minutt. Roger Lillestøl og Reiner Aaland er nummer åtte og ni.

Askild Vatnbakk (Bøler IL) er i tet ved Holskarsætra i 75-kilometersløpet. Anders Vonheim (Markane IL) heng imponerande godt med og ligg på 17. plass, 18.40 minutt bak teten.

Oppdatert kl. 12.30:

Lars Åkernes Rimereit er førstemann i mål på ny løyperekord, 4.09,10.

Kristoffer Haugen fann ekstra krefter mot slutten og vart nummer to. Også han under fjorårets løyperekord. Kristoffer passerte både Rasmus Haugen og Andreas Skylstad mot slutten av løpet.

Rasmus slo Skylstad i spurten og sikra seg tredjeplassen.Dermed vart det to honndøler på pallen i 38-kilometersutgåva av Hornindal Rundt.

14-åringen Live Sollid (Hornindal IL) imponerte og vann dameklassen på tida 5.27.58.
Det var kamp om tetplassane i feltet med 370 kvinner og menn. Foto: Inge Fænn
Rasmus Haugen til høgre og Lars Åkernes Rimereit frå Eidsdal låg klart i tet ved passering Grothaug. Foto: Inge Fænn
Brødrene Kristoffer (t.v.) og Rasmus Haugen like før start. Foto: Inge Fænn
Dei to eldste deltakarane i Hornindal Rundt 2018, Knut Lillestøl (72) til venstre og Nils Haugen (73). Foto: Inge Fænn