Vil du vere med og bestemme fylkesvåpenet?

Korleis skal våpenet til den framtidige fylkeskommun Vestland sjå ut? Du kan sitje i juryen..  Foto: Illustrasjonsfoto SFFK/HFK

New Articles

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune søker no etter 10 personar som skal sitte i folkejuryen og saman finne fram til 10 fylkesvåpenfinalistar.

Vil du vere med og skape vestlandshistorie? No kan du du vere ein av dei som skal møtes 18. august i Bergen og saman finne fram til dei ti beste blant dei 640 innsende forslaga til fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Fram til 9. juli tek fylkeskommunane imot henvendelsar frå folk som vil sitje i juryen.

Folkejuryen skal spegle att innbyggjarane i det nye fylket, og ha folk i ulike aldrar og kjønn og frå ulike geografiske område. Du må

  • ha adresse i Hordaland eller Sogn og Fjordane
  • vere opptatt av kva som er eit godt fylkesvåpen
  • kunne vere i Bergen laurdag 18. august mellom kl. 13–16.

Det er dei einskilde fylkeskommunane som tek imot henvendelsar frå interesserte.