Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret: I skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.

- Sol, varme og vind som vi har hatt i lang tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader har kome nedbør, varer faren for brann då vegetasjonen tørkar raskt opp i fint ver, seier John Jatgeir Vinsrygg, brannsjef i Stryn kommune, i ei pressemelding.

Ver forsiktig!

-Så tørt som det er no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må vere forsiktige og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Alle må vere forsiktige og prøve å redusere sannsynlegheita for brann, og begrense skadene hvis brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før det er fullstendig sløkt.

Bålforbodet

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet omtalast gjerne som "bålforbodet". Det generelle forbodet gjeld kun i eller i nærleiken av skog og anna utmark, - alle område som ikkje er innmark. Døme på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område. Men hugs at du har plikt til å vere forsiktig på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.

Å gjere opp eld omfattar bruk av eingangsgrillar, bål- og peisinnretningar. Stranda vert ofte rekna som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ønskjer å tenne bål eller grille, må ein søkje om tillatelse frå kommunen.

Grilling

- Brannvesenet frårår generelt all bruk av eingangsgrill, i alle fall når det er tørke. Dei kan være varme i mange timar etter bruk om dei ikkje blir sløkt og kjølast ned skikkeleg, seier Vinsrygg.

Eingangsgrillar må aldri settast rett på brennbart underlag. Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og annan utmark. Der gjeld eit generelt forbod.