Ulukka ved Vegtun:

Ikkje lenger kritisk skadde

Frontkollisjonen skjedde i svingen ved Vegtun, på same stad der ei kvinne i 50-åra omkom i ei utforkøyring med motorsykkel for ei veke sidan.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

AMK-sentralen i Helse Førde oppdaterte i kveld statusen for dei skadde i frontkollisjonen på rv 15 ved Vegtun i dag.  Alle dei fem personane i dei to bilane vart frakta til Førde sentralsjukehus, og det vart opplyst at to personar var kritisk skadde, og to lettare skadde.

AMK opplylser i kveld at status er følgjande på dei fem som var involverte i ulukka: Kvinne fødd 1941 uskadd, kvinne f. 38 moderate skader, kvinne f. 39 lettare skadd, kvinne f. 30 uskadd, mann f. 29 uskadd.

I følgje politiet var begge bilane norskregistrerte. Ingen av dei involverte er heimehøyrande i Stryn.