Det har skjedd ikkje mindre enn tre trafikkulukker i svingane på rv 15 ved Vegtun, sidan første helga i juni.

Den siste, ein frontkollisjon mellom to bilar, skjedde i går, nøyaktig ei veke etter at ein motorsyklist køyrde utfor vegen her og mista livet.

Etter den siste ulukka er det midlertidig skilting på staden. Olje som rann ut på vegen frå dei to involverte bilane har ført til at vegen vart svært glatt. Det vart lagt på dekkmiddel for å suge opp oljen, og inntil vidare er det midlertidig skilting på staden der fartsgrensa er sett ned til 50 km/t og det er skilta om glatt vegbane (oljesøl), opplyser politiet.