Lokalt kan det kome nokre skikkeleg kraftige regnskurar, mensommarvarmen held fram likevel. Det blir varme, fine dagar i langtid framover.

– Vi har eit veldig fint kystvêr. Det er lite nedbør,særleg i ytre strøk. Det er berre i indre strøk det kan bliregnbyer med tore om ettermiddagen, seier statsmeteorolog GeirOttar Fagerlid i Meteorologisk institutt. Det var varsla storemengder lokalt regn i Trøndelag onsdag, men også torsdag og fredager det fare for skikkelege skurar både i Trøndelag og påVestlandet.

I helga blir det tørt, og til veka er det tilbake igjentil nokre få byer.

– Det er klassisk julivêr. Fint vêr med sol, menså kan det kome nokre byer. Det gjeld fram til neste helg, seierFagerlid.

25 grader

I indre strøk blir det omtrent 25 grader: Vedkysten, der det er meir vind, blir det litt lågare temperaturar,men også her er det venta rundt 20 grader.

– Enkelte dagar er detmykje sol og andre dagar meir skyer, men det blir likevel varmtsommarvêr. Nokre stader får truleg ikkje nedbør i det heile iperioden fram til neste helg, seier meteorologen. Han åtvarar om atdet er veldig tørt og at det er varsla fare for skogbrann påVestlandet. Det same gjeld også Sørlandet og Austlandet. Sjølv omdet kan koma lokalt regn vil det ikkje hjelpe særleg.

– Det er storfare for at det kjem altfor mykje på kort tid og at det renn bortog ikkje trekkjer ned i jordsmonnet.

Heile landet

Sommarvêretpregar endeleg heile landet. Også i Nord-Norge blir det fint ogvarmt vêr med nokre regnbyer. I Indre Finnmark blir det verkelegvarmt med opp mot 25 grader.

– Det er fleire høgtrykk som gjev detvarme vêret. Eit ligg over Kolahalvøya nord i Russland, eit overStorbritannia og eit over Austersjø-området. Desse høgtrykka pregarvêrsituasjonen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid iMeteorologisk institutt. Det som finst av lågtrykk held seg vestfor Island og i ein bane opp til Spitsbergen.

– Det skal litt tilfor å bryte opp vêrsituasjonen som no har vart i mange veker.Høgtrykket har kilt seg fast. Det er gunstig for dei som likar tørtog varmt vêr, men ikkje bra for skogbrannfaren og bøndene, seierhan.

Tropisk storm

Meteorologen forklarar at vi er nøydde til å fåkraftigare vêr ute i Atlanterhavet for at høgtrykket skal brytastopp. Lågtrykket kjem gjerne som restar av gamle tropiske stormareller orkanar. Sesongen begynte no i juli, men er ikkje på topp føri august og september.

– Vi må nok vente nokre veker før vi fårmeir vanleg vestavêr med lågtrykk. I helga er det ein tropisk stormutanfor austkysten av USA. Han flyttar seg inn mot Europa ibyrjinga av neste veke, men stoppar ved Island.

(©NPK)

Lokalt kan det kome kraftige regnskurar framover. Foto: Gunnhild Sindre