Sjølv om det kom rullande inn eit tjukt skoddeteppe over indre Nordfjord i går kveld, er det mogelegheiter til strålande sol om ein berre kjem seg over skodda.

Dette bildet har Jan Erik Sandbakk teke på Hoven i Loen, der folk både i går og i dag har fått ei heilt spesiell oppleving med skyliften opp gjennom tjukk skodde til denne utsikta.

- Og slik såg det ut frå Skåla i morgontimane i dag! Foto: Even Inge Nesje