Saka blir oppdatert:

Litt etter klokka 13 vart det meldt om trafikkuhell på rv 15 Strynefjellsvegen, og tunnelen vart midlertidig stengd.

Politiet melde om front mot front-kollisjon i Opljostunnelen. og Vegtrafikksentralen Vest fortalde at det var manuell dirigering på staden.

Alle naudetatar rykte ut frå Stryn.

Til saman var fem personar involverte, og alle hadde kome seg ut av bilane, opplyste Politiet Vest på Twitter.

AMK Førde sendeto ambulansar og lege, og det vart også send bistand frå AMK Innlandet og AMK Møre og Romsdal med ytterlegare to ambulansar og Luftambulanse, opplyste AMK Helse Førde.

Litt før kl. 14.30 opplyste AMK at utkallinga av Luftabulanse vart kanseller fordi det ikkje var behov.

-  To personar blir transportert til Stryn Helsesenter i ambulanse, opplyser AMK.

Tre  personar har fått tilsyn av lege på staden.

- Alle uskadde, og blir dimmitert. Helse avsluttar sin innsats på staden, opplyste AMK Helse Førde klokka 14.33.

Vegen vart rundt kl. 15 opna for fri ferdsle igjen.

- Politiet opprettar sak, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.