Etter den lengste tida med tørke sidan 1947, melder yr.no om torden og lokalt kraftige byger i Stryn og Hornindal onsdag. Spesielt mykje nedbør blir det mellom klokka 15.00 og klokka 18.00.

Mellom kl. 12 og kl. 18 er det venta opp mot 20,3 mm nedbør i Stryn.

Det er og stor skogbrannfare i området. Lynnedslag på tørr grunn har ført til ei rekkje skogbrannar på austlandet i sommar og onsdag kjem altså tordenveret til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Yr melder følgande for Sogn og Fjordane onsdag.

- Bris av skiftande retning, på kysten sørleg opp i frisk bris, onsdag ettermiddag dreiande sørvest, liten kuling ved Stad. Regnbyger, utrygt for torden. I indre strok lokalt kraftige byger. Onsdag kveld minkande bygeaktivitet.