Etter tre kampar i dag har gutar 16 laget til Stryn nådd finalen i B-sluttspelet under årets Gothia Cup!

Dagen opna med ein knepen 1-0 siger over FK Gjøvik-Lyn 1 i 8-delsfinalen, og endå jamnare skulle det bli. I kvartfinalen møtte dei amerikansk motstand i form av SGV Surf Soccer Club, i ein kamp som gjekk heilt til straffesparkkonkurranse. Her var det Stryn som trakk det lengste strået, då dei scora på tre straffer, medan amerikanerane scora på ei, og bomma på tre. Dermed var nordfjordingane klare for semifinalen.

Nok ein gong blei det ein jamn kamp, denne gongen mot svenske Kållered SK. Kampen fekk berre ei scoring, signert Stryn, noko som sendte dei til morgondagens finale. Då skal dei ut i aksjon mot Seatown FC, ein kamp som blir strøyma direkte på Gothia Cup sine nettstader.

Semifinale: Stryn Jenter 13 kom seg heilt til semifinalen av årets B-sluttspel i Gothia Cup. Foto: Privat

Det andre strynelaget som var i aksjon i dag var jenter 13 laget, og også dei leverte varene. Trass i eit tidleg baklengsmål mot IF Väster i kvartfinalen klarte dei å reise seg, og snudde til slutt kampen til 2-1. Dermed var også dei klare for semifinalen i B-sluttspelet i turneringa, og også dei møtte amerikansk motstand. Mot Global Premier Soccer FC G13 FC Bayern sa årets eventyr dessverre stopp, med 0-4 siger til amerikanerane.