Ein mann i slutten av 80-åra som vart meldt sakna i Hornindal tysdag ettermiddag vart ved 19.30  tida meldt funnen og i god behald. Mannen som er dement var sist observert i omsorgsbustaden sin ved 22-tida måndag kveld.

Han vart meldt sakna tysdag ettermiddag då ingen hadde sett han. Det vart utført søk langs strandlinja i Hornindalsvatnet mellom Svor og Otterdal, og folk var ute og leita etter han medan det vart planlagt for ein større leiteaksjon ved hjelp av blant anna fire ekvipasjar frå Norske redningshunder, Røde Kors og andre. Rett før mannskapet skulle ut for å leite kom meldinga om at den sakna var funnen og at han er i god behald.

Mannen vart funnen i ein bygning nokre kilometer frå sentrum