Det er ikkje berre i Lodalen at ein merkar turistane sin trang til å gjere frå seg. Også i nabobygda Olden er saknet etter fleire toalett prekært.

Problemet melder seg særleg når det ligg fleire cruiseskip til kai. Onsdag var det to cruiseskip, og tusenvis av turistar inntok bygda.

Ved den nye tenderkaia har Andreas Drageset og Sunde Auto prøvd å få bukt på noko av problemet. Drageset har inngått avtale med Nordfjord Havn slik at turistar som kjem med tenderbåtane kan få nytte toaletta i verkstadbygget hans.

- Vi har to toalett tilgjengeleg her. I tillegg kan turistane få bruke toaletta i eit bygg 150 meter lenger opp mot riksvegen, seier Drageset. Han er oppteken av at samarbeid er viktig, og han meiner at ein må spele på lag for å få ting til å fungere i ei lita bygd som Olden. Sjølv har han god dialog med Nordfjord Havn.

- Her om dagen fekk eg tommel opp frå Sølve Oldeide i Nordfjord Havn då han gjekk forbi her.

Toalettkapasiteten eit problem

- Det er klart at dette med toalettkapasitet blir eit problem når så mange turistar kjem til Olden, seier Drageset vidare.

Han fortel at det etter planen skal kome eit servicebygg ved tenderkaia til neste sesong med minimum 12 toalett.

- Det ser vi fram til, seier Drageset, som også etterlyser fleire toalett i sentrum.

Onsdag var det folksamt i Olden sentrum, og utanfor det offentlege toalettet var det kø. Bunnpris er næraste nabo til toaletta, og Mona Jill Knapp Forssen Haugen stadfestar at mange turistar er innom for å spørje etter toalett.

- I går stod det 30 turistar i kø utanfor toalettbygget. Ein turist kom også innom oss for å spørje om å få låne eit toalett, seier Forssen Haugen, som ikkje har tal på kor mange som er innom dagleg for å spørje etter nettopp toalett, spesielt på dagar når cruisebåtane ligg til kai.

Tove Helen Sunde hjå ToKa Frisør opplever det same. Ho etterlyser betre skilting.

- Før stod det eit skilt ved riksvegen som viste veg til toaletta, men det er vekke no, seier Sunde.

Både Drageset, Forssen Haugen og Sunde meiner kommunen har ein jobb å gjere når det gjeld toalettforholda i Olden.

Andreas Drageset i Olden har inngått avtale med Nordfjord Havn. Cruiseturistar kan bruke toaletta ved Sunde Auto samt i eit bygg like ved. Foto: Thomas Thaule
Mange turistar kjem i land ved den nye tenderkaia i Olden. Foto: Thomas Thaule
Dagleg får Mona Jill Knapp Forssen Haugen og betjeninga ved Bunnpris i Olden spørsmål frå turistar om lån av toalett. Foto: Thomas Thaule
Frisør Tove Helen Sunde i Olden får mange førespurnader om kor turistane kan finne toalett. Foto: Thomas Thaule