Statens vegvesen kontrollerte 19 køyretøy i ein kontroll ved Kjøs bru onsdag kveld/natt til torsdag.

Det vart nedlagt tre bruksforbod på grunn av sikt, lengde og lastsikring. To førarar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

På eit føretak vart det anmoda om bedriftskontroll, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.