4 divisjon: Stryn stod føre ein svært vanskeleg bortekamp mot favoritt og avdelingsleiar Fjøra i Sogndal laurdag. Likevel var det Stryn så trakk det lengste strået i det som vart ein svært spennande kamp som endte 3 - 4 på Fosshaugane Campus.

- Vi er godt nøgd, spesielt med første omgang. Fjøra har ballen mest, men vi bryter med gode overgangar og er effektive på sjansane våre. Vi hadde sjanser til å punktere kampen i andre omgang utan å lukkast, så kampen blir mykje meir spennande enn den trengte å bli, fortel ein godt nøgd Stryn-trenar, Geir Inge Rake til Fjordingen.

Håvard Kroken hadde to nettkjenningar og Stian Olsbø scora eitt.

Meir om denne kampen i tysdagavisa