Brannmannskap og politi rykte i kveld ut til eit branntilløp på Karistova Hotell på Utvikfjellet.

- Vi fekk ein automatisk alarm frå Karistova Hotell. Det viste seg at det var røykutvikling/varmgang i sikringsskap. Ei slik melding frå eit hotell tek vi alltid på alvor, så det rykte ut brannmannskap frå både Utvik, Breim og Stryn, seier brannsjef John Jatgeir Vinsrygg. - Vi rykte også ut med tankbil frå både Stryn og Gloppen, ettersom vi ikkje visste korleis det var med vasstilgangen.

Brannen var sløkt då brannvesenet kom fram. Alle gjester var ute av hotellet. Brannmannskapa gjekk gjennom hotellet og sjekka, og fekk deretter lufta ut før gjestene fekk gå inn igjen.