Stryn sitt damelag i 3.divisjon fotball hadde ingen som helst problem med å sende Tornado Måløy tilbake til Vågsøy med null poeng i bagasjen. Stryn vann til slutt komfortabelt 4-0 etter scoringar av Saeideh Tajik (2), Karoline Nordheim Otterdal og Dagny Sæten i kveldens kamp.

Pauseresultatet var 2-0 til Stryn.

Heimelaget var det førande laget frå start til slutt, med unntak av dei siste ti minutta i 2.omgang då bortelaget fekk låne ballen litt. Stryn sin sisteskanse, Anna Sofie Auflem, hadde ein særdeles roleg dag mellom stengene, og etter pause tok det heile 31 minutt før ho var borti ballen.

Karoline Nordheim Otterdal vart kåra tilStryn sin beste spelar i kampen.

Stryn ligg med kveldens trepoengar på tredjeplass med 22 poeng.