Ein person vart fredag ettermiddagr stadfesta omkomen i trafikkulukka ved Holmevik på rv 15 i Oppstryn fredag. Ulukka vart meldt kl 13.02. Ambulanse, lege, brannvesen, politi og luftambulanse kom raskt til staden. Livreddande førstehjelp vart utført på ulukkesstaden, men politioverbetjent Lasse Trosdahl seier til Fjordingen at livet til bilføraren ikkje stod til å redde. Vedkomande var åleine i bilen og Trosdahl stadfestar at pårørande er varsla.

Ulukka skjedde då bilen som kom køyrande austfrå retning Stryn kom over i motsett køyrefelt og køyrde inn i ein bergnabb i venstre grøftekant. Deretter har bilen gått rundt før han vart liggjande på sida med fronten mot aust. Bilen er påført store materielle skader.

Bilføraren sat fast men vart ganske raskt henta ut av bilen før livreddande førstehjelp vart sett i gang.

Etter å ha rydda ulukkesstaden jobbar politiet med oppmålingar og dokumentasjon. Det er gode spor på staden som viser kvar bilen har køyrd ut.

Det oppstod lange køar på begge sider av ulukkesstaden medan redningsarbeidet pågjekk, men halvannan time etter at ulukka skjedde kunne politi og brannvesen starte å dirigere trafikk forbi i eitt køyrefelt. Statens vegvesen si ulukkesgruppe er varsla og kjem til staden for å gjere sine undersøkingar.

Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo, seier til Fjordingen at det kommunale kriseteamet blir engasjert i alle ulukker med dødeleg utfall i kommunen. - Kriseteamet er såleis kontakta også i denne samanhengen, seier Flo.

Politiet gjennomførte oppmålingar på ulukkesstaden etter at redningsarbeidet var avslutta. Foto: Bengt Flaten