Det var Jorunn Andreassen (53) sitt forslag med kysten til det nye fylket som blei best likt av dei 18 finalebidraga til nytt fylkesvåpen for Vestland. – Eg synst det var morosamt at fleire forslag var ganske like, berre i andre fargar. Det grøne for meg representerer frodigheita på Vestlandet, i tillegg til at det er ein farge som ikkje er på dei noverandre fylkesvåpna våre, seier Andreassen ei pressemelding frå fylkeskommunen. Då avstemminga vart avslutta var det 6.471 personar som hadde stemt på sitt favorittfylkesvåpen.

Vinnaren fekk 1632 stemmer, som utgjorde over 25 prosent av stemmene. Forslaga som kom på andre og tredjeplass fekk 970 og 878 stemmer, Øyvind Andersson sitt utkast med skipsstavn og bølgjer i kvitt på blått og Brede Taraldset sitt utkast med gule vikingskip på raud botn (inspirert av våpenskjoldet til Håkon Håkonsson).

Nummer to: Sjøfart, handverk, fjell, kraft, symboliserer dette utkastet, som fekk nest mest stemmer av folket. Utkastet er teikna av Øyvind Andersson.

Kulturdirektørane fortel i pressemeldinga av dei er øgde med engasjementet.

– Sjølv om fylkesvåpenet er ei viktig sak, hadde vi ikkje våga å håpe på at dette skulle engasjere så mange av innbyggjarane. Både dei innkomne forslaga og avstemminga viser tydeleg kor mange som ser på natur og landskap som vårt viktigaste kjennemerke. Vestland fylke er fjordar, frodige dalføre, ville fjell og kvite brear. Her ligg eit rikt symboltilfang, og møtet mellom land og sjø er eit av dei. Folkefavoritten vert slik eit viktig innspel i den vidare prosessen, seier Per Morten Ekerhovd, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

– Det er veldig kjekt med det store engasjementet som har vore rundt avstemminga til folkets favoritt. Vinnarforslaget med vår kystlinje som famnar om heile det nye fylket er noko eg tur innbyggjarane i det nye Vestland fylke kan relatere seg til. Det blir spennande å sjå kva som vert det endelege resultatet, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane.

No er det opp til fagjuryen å plukke ut sine tre favorittar. Dei skal plukke eitt frå kvar av dei tre temaområda kultur, historie og natur. Utkastet til Brede Taraldset har difor framleis mogelegheit til å bli det nye fylkesvåpenet.

Brede Taraldset sitt utkast med gule vikingskip på raud botn vart nummer tre i avstemminga om å bli "folkefavoritten". Utkastet har framleis mogelegheit til å bli plukka ut som eitt av fagjuryen sine tre forslag.

Etter at fagjryen har plukka ut sine tre forslag, skal desse sendast over som inspirasjon til fem profesjonelle designbyrå. Dei skal teikne eit forslag til kvart av motiva, samt eit fritt forslag. Fagjuryen skal deretter vurdere desse, og plukke ut ein kandidat frå kvar kategori. Desse, og fylkesfavoritten, skal så presenterast for fylkestinga i dei to fylka. I desember skal fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane ta den endelege avgjerda om kva som blir det nye fylkesvåpenet.